Category Archives: Padlelogg

Gravvatn

I dag tok eg meg ein etterlengta padletur på Gravvatn saman med Jan Kjetil. Han fekk prøve min sist veke(?), og gjekk vel så og sei rett i butikken etterpå og kjøpte seg sjølv. Denne måtte jo sjølvsagt testast, og kva er vel då betre enn å gjera nettopp det i lokale, heimlege tilhøve nokre hundre meter over havet? Ruta vart som følgjer:

 

Turen vart vel på rundt rekna 15 kilometer. Ein alle tiders ettermiddagstur, og det føltes langt i frå såpass langt ut!

Bilete frå turen er jo sjølvsagt tilgjengelege i galleriet!