Monthly Archives: December 2009

Juleånd i Sirdal

I dag starta eg dagen med å lesa om korleis folk kastar fullt brukbare saker, for å få plass til julas nyerhverva duppedittar. At folk kan kvitta seg med så mykje brukbare sakar og ting berre fordi dei ikkje er siste skrik, det er for meg ufatteleg.

Ironien er difor til å ta og føle på når det, medan eg skufflar bort siste snøfall, kjem ein BMW Suv opp i tunet. Døra går opp, og hyttemannen slenger ut om eg har behov for eit gamal fjernsyn til ei utleigehytte. Tanken hans er jo i utgangspunktet god, for all del. Men likevel tykkjer eg det syner litt av haldninga til “byfolk”.

Det må også seiast at då eg takka nei, kvitterte han ut med at “Då kast’eg an der ude.” “Der ude” vil i dette tilfellet seie Sirdals flott velkomst til alle tilreisande; 5 flotte, grøne kontainarar som er plassert midt i åsynet på ein når ein kjem fram til Sirdal.

Eg føreslo Fretex, men i tråd med generell norsk giddalause og forbruksmentalitet, er det nok for mykje stress bak eit slikt initiativ. Då er det betre å slenga “den gamle driten” i containaren som står så lageleg til, slik ein gjer med alt anna ein ikkje vil ha.

Det er altså to tankegangar eg slit med å ta til meg;

  1. Kvifor kaste fullt brukbare saker på dynga?
  2. Kvifor har ikkje Sirdal kommune sortering av hytterenovasjonen?

Pr. i dag vert avfall som er for tungvindt å kvitte seg med i meir urbane strøk, dumpa i utkantsstroka fordi det er lettvint. Slikt ser ein i Afrika, og slikt ser ein i Sirdal. Heilt glittrande. Ha ei fortsatt god jul.

Dei fleste ulukker skjer på nedstigninga

Songa “Driving home for Christmas” kunne fått eit solid hakk i plata i dag. Eg var oppe før gatene var i ferde med å bli fyllt av biler i trøbbel i dag tidlig. Eg tok toget til mi søster for å fylgje henne heim til jul.

Eit lite apropos når det gjeld tog…å ha to stasjonar som heiter “Sandnes” er forvirrande halv sju på morgonen. NSB kan gjerne ta det som eit julegåveynskje. “Sandnes sentrum” og “Sandnes” er farleg likt…og når stasjonane ligg etter kvarandre vert det berre tullete.

Nåvel. Eg kom meg av på korrekt stasjon og fekk pakka meg inn i bilen. Diskusjonen starta med ein gong; skal ein kjøra om Ålgård eller via Sviland? Eg fekk med mine alderspoeng vilja, trass i sterk usemje frå mi seks år yngre syster. Ho var skeptisk til snøtilhøva i bakkane opp Seldalsvegen. Då me kom dit, var det sjølvsagt ikkje eit snøfnugg å sjå….ikkje før me runda toppen og tok til på nedfarten mot Oltedal. Der låg det med eit 10-15 cm puddersnø i vegen. Trass i relativt låg fart, stod med plutseleg på stive hjul med retning næraste grøfte.  Sjølve seansen kunne ha vore gjort meir elegant. I staden for å runde portane (brøytestikkene), tok me dei beint på.


Vis Utforkjøring i julestria i et større kart

Heile hendinga gjekk tåleg seint føre seg, og den einaste uroa var om det skulle liggje ein stein i grøftekanten. Det gjorde det ikkje. Den var i staden full av snø, og me var ståande parkert med begge framhjula i grøfta og botnen på vindauget mitt i plan med snøen utanfor.

Redninga denne gongen vart ikkje Falk eller Viking, men Janne Britt’s betre, og meir kjøyrevandte halvdel, som kom til som ein riddar i kvit rustning. Mi noko skeptiske haldning til at me skulle kunne verte dregne opp av grøfta av ein bil av nokonlunde same storleik, skulle fort vise seg å verte gjort til skamme. Det er eg glad for. Ein snakk med bilberginga i året held for min del.

Me kom oss opp att etter mindre enn ein halvtime med perfekt utsikt til fjernsysnsmasta over Oltedal, og deretter overtok ein med større kompetanse innan bilulykker rattet. Og med det kom ein heim til jul også i år.

Ps. Ja, eg angrar på at eg ikkje stakk ut å filma førjulsparkeringa, men det skal ikkje hindra meg frå å ha mykje moro med hendinga i eit par år framover!

Arva etter Bøkko?

I store delar av min barndom har isen vorte dekka av djup snø så snart han har kome. I nokre tilfelle har ein hatt sjans til å spenna på seg skeisene for å ta nokre piruettar ute på det harde vatnet. Men det høyrer til unntaka.

I helga var eg på ein førjulsturné på sørlandet til min gamle sambuar frå tida i Volda, Trine. Over nyttår reiser ho på backpackartur verda rundt, så nostalginivået var i utgangspunktet rimelig høgt. Det ville seg sånn at tilhøva var perfekte for om ikkje Disney on ice, så i alle fall Sinnes on ice. Ein fantastisk laurdag i Lindesnes’ høgfjell vart ein ubetinga suksess. Her er nokre glimt:









To much of a good thing?

Klokka har vorte 17.32. Det er ikkje før no eg har tid til å sjå kva som gjeng føre seg i Noreg i dag. Dvs…i det media vel å fortelje om. Eg måtte ta ei oppteljing. Dagbladet har 50 nyhende på framsida si. Av desse 50, er 28 Obamanews. Over halvparten altså. 8 er sportsnyhende og 4 er IT-nytt. Berre ti plassar er tilegna nyhende som har med  “dagleglivet” å gjere.Obamanytt

Greit nok at det ikkje er kvar dag ein deler ut fredsprisar, men stoppar verda opp av den grunn?

Kan nokon hugse kven som fekk fredsprisen i fjor? (Det er ikkje lov å jukse…..)