Monthly Archives: May 2012

Bønder i by’n

Det er ikkje mykje reklame ein fer med seg utan fjernsyn i hus, men ein har eg fått med meg; Felleskjøpet sin “Bønder i by’n”.

Det er noko med han som skurrar.

Opninga er flott og fin, med stemningsskapande musikk a’la temamusikken til “The Rock”. Sjølv skriv dei;

“reklamefilm for Felleskjøpet Agri. Mange John Deere traktorer med i filmen. Målet med filmen er å gjøre Felleskjøpet og vår fagkunnskap kjent i forbrukermarkedet, samtidig som vi skaper stolthet hos våre medlemmer og ansatte.” – Youtube, 30.05.2012

Som landbruksorganisasjon, eigd av 43.000 bønder som nyttar livet sitt til å laga mat til oss som ikkje gjer det, veit eg ikkje kor stolt eg hadde vorte av ein slik film. I filmen vert nemleg følgjande produkt framheva:

  • traktorar
  • fiskars kuttesaks
  • støvlar
  • motorsager
  • plenklyppar
  • hekktrimmar
  • kunstgjødsel
  • hundemat
Med hederleg unntak av hundematen (vonar eg?) er alle produkta over oljeprodukt. So much for Felleskjøpet Agri sin “grøne” profil. Det kunne like gjerne vore ein reklame sponsa av Statoil. Dei har jo sitt å stri med når det gjeld tvilsomme reklamar i frå før.

Felleskjøpet Agri, eit rotnorsk “grønt” selskap, eigd av 43.000 av dei 45.499 gardsbruka som fanst her i landet i 2011, er altså tufta på det det same som størsteparten av resten av det norske samfunnet så slumrande kviler seg på no til dags: olje.

Det må vera det som er å vera bondefanga.

Pengar på e-post

Eg har tidlegare vore temmeleg irritert på banken min, SR-Bank. Å få tilbod i posten ein ikkje har bede om passar seg ikkje for ein som ynskjer å framstå som profesjonell.

No er dei i gang igjen. Denne gongen på e-post. I dag tidleg mottok eg ein e-post frå SR-Bank. I denne kunne dei stolt tilby meg, som ein av deira “gode kunder”, 20.000,- ekstra med deira SR-Bank Gold.

Noko meir fascinerande skal ein leita lenge etter. Her har eg i alle år vore flink og spara, har aldri hatt eit levesett som skulle tilsei at eg skulle måtte trenge 20.000,- ekstra, og…har alltid hatt pengar på konto. Likevel innbiller altså SR-Bank seg at eg treng dette søppelet dei sprer om seg med!

Når SR-Bank sender meg spampost på denne måten, er dei med på grave si eiga grav. Eg har ikkje bede om slike tilbod, men har tvert om skrive meg inn i Brønnøysundregisteret si ordning for resrvasjon mot reklame.

Hadde SR-Bank halde seg for god for slike stunt, ville ikkje lurendreiarar hatt det så lett. For støtt og stadig kan no media melde om svindlarar som gjev seg ut for å vera SR-Bank. Så for dykkar eigen del SR-Bank: dropp søppelposten! Både den analoge og digitale.

For tort og svie tek eg gjerne i mot betre rente på sparepengane mine.