Fridom

Etter at eg har gjeve slepp på Facebook sitt klamme grep, har eg fått tid til å sortera i alle RSS-kjeldene mine. Det var lenge etterlengt.

Etter årevis med prokrastinering av all slags kjelder til kunnskap og opplysning på nettet, har det nok vorte mange daude lenker etterkvart.

Med ein Raspberry Pi 4 som det sentrale bindeleddet i den digitale heimen her, har eg no ein digital aviskiosk som eg kan stikka innom med jamne mellomrom. Då har han oppdatert seg med siste nytt i eit meir leseleg format enn den reklamebombanderte webben ellers kan tilby. Noko som kanskje mest av alt minner om gode, gamle tekst-tv.

Men eg kjenner at ei digital verd der EG i større grad kontrollerer kva som skal flimre forbi meg av bits og bytes er rett veg og gå. Ikkje minst fordi eg har kontroll på “contentet” mitt, antan det er tekst eller bilete.

Mitt stalltips er altså å ta til å nytta den moglegheiten som ligg i RSS. Då slepp ein å utsette seg for fullt så mykje reklame som elles…og ein får ein meir effektiv digital kvardag.

Fylke

Kjem du Hunnedalsvegen frå Rogaland mot Sirdal, vert du for tida ikkje informert om at du kjem til korkje Sirdal eller Agder.

Faktisk er det slik at dersom du køyrer frå Stavanger til Oslo på sommaren, så kan det sjå ut som om Rogaland grensar til Vestfold og Telemark fylke. Kven som har ansvar for skilting er tydelegvis ikkje høgt pruoritert.

Ein Goling har 3 timar og 17 minutt (219 km) til sin fylkeshovudstad i Viken, Oslo. Sjølv slepp eg unna med 2 timar og 52 minutt (180 km) til min fylkeshovudstad, Kristiansand. Medmindre nokre funksjonar er lagde til Arendal då…

Skulle ynskje at nokon hadde rekna på samfunnsøkonomi i lys av at det er 1 time og 29 minutt og 102 kilometer til Stavanger sentrum…

Øvre del av Sirdal har i alle fall vore i feil fylke sidan fv 405 vart så god som han no er. Med felles feriar med Rogaland er det endå meir som talar for å flytta fylke. Politiet soknar også under sørvest politidistrikt. Vidaregåande skule dreg me til Rogaland for å gå på. Handleturar vert nord-jæren, medmindre det er noko som tvingar oss andre vegen.

Sayonara

Omsider dreg dei midlertidige skulelokala sin veg, og me kan nok ein gong ta i bruk grusbana på skulen.

Det må nok gjerast ein jobb der og, for at det skal vera presentabelt og brukanes slik me vil ha det her i Sirdal (ta gjerne ein tur rundt Tonstad skule/Sirdal vidaregåande og sjekk normalen).

Å ha vore nytta til lagringsplass gjer jo at det i tillegg til isopor, plast, småspiker og anna, også befinn seg eit uttal ulike grustypar på fotballbana som kommunen leigar utan avtale for tida.

Men når snøen no snart dekker til, hjelp det på ei lita stund…

Tid for matauk att

Hausten har yppa seg med litt etterlengta regn, temperaturen har bikka under tosiffra på det jamne, og haustfargane glittrar nok ein gong i haustsola.

Jordepla har også i år vorte lagde rett på gras, og dekka med gamalt høy som sauene ikkje ville ha.

Å ta med neste generasjon på slikt gjer at ein haustar meir enn grønsakene i etterkant. Utsagn som “det va SÅ kjekt å vera bonde for ein halv dag” krydrar jo kvardagen, og eg true det er nettopp slike augneblink som er av den viktige sorten i livet. Der ein kan lukta, høyra, kjenna og smaka saman med resten av slekta si. Det er i alle fall det eg hugsar sjølv, og som er blandt det eg har sett mest pris på i livet.

Facebook som “internett”

Det har vorte slik at “alle” har Facebook. Der kan ein lika og diskutera seg blå. (Pun intended…)

Men gjer ikke det noko med oss? Når all offentleg informasjon med eit foregår i eit proprietært univers som Facebook, og heile smafummsdiskusjonane gjeng føre seg der…har ein ikkje då tapt eitt og anna for ettertida?

I staden for at mediebedrifter har diskusjonstrådar som dei sjølve har eigarskap på, har no Facebook denne eigendomsretten.

Det same er jo tilfelle med offentlege instansar som kommunar og fylkeskommunar…ein har ikkje lenger kontroll på det som vert formidla i desse kanalane.

UDI legg no ned Facebooksidene sine, og NRK Beta melder om at det kan få ein dominoeffekt.

La oss for ettertida, og openheiten vona at så skjer!