Tagged in: matproduksjon

Matprat i adventstida

No nærmar vi oss med stormskritt (bokstaveleg talt) den tida i året då Nordmenn fråtsar mest oppi matfatet. Vi får stadig høyre at vi kastar meir og meir mat kvart år. Eit særs konkret prov på dette, er den daglege kolonnekøyringa med kråker som flyg over hustaka på veg ut til gjenvinningsstasjonen på Sele.

Michael Pollan har sagt nokre ord om matproduksjonen i verda. Dette har no vorte visualisert på artig vis i den videoen som er nedom.

Kanskje noko ein skal leggje seg på minnet no, i den søte juletid…

Matproduksjon

I indre dalar på austlandet fløymer det over. Område langs Donau fløymer over verre enn nokon sinne. California brenn opp på grunn av tørke. Storbritannia importerer i år meir kveite enn dei eksporterer. På det Afrikanske kontinent durer pengesterke, utanlandske investorar inn og skal gjera kjappe pengar på storstilt industriell produksjon av varer vesten treng har gjort seg avhengig av…eller for å produsera mat til dei som ikkje har. Her om dagen kunne ein høyre på radioen at ein jærbonde hadde gått til innkjøp av for frå austlandet til sine kyr. Prislapp: 300.000,-

Det er flott det! Bønder som soknar til oljefatet i nordsjøen slit som resultat av klimaendring og mangeårig industrielt jorbruk. Å henta inn for frå andre sida av landet, har altså vorte løysinga. Der er vel produksjonsmåten mykje den same som på jæren. Dieseldrevne traktorar endevender jorda og jordlivet, sår frø, gjødslar med kjemisk framstilt gjødsel, kutter graset og pakkar det inn i plast som er eit direkte oljeprodukt. Dette skal så fraktast 5-600 kilometer, og det er vel ikkje uaktuelt at transporten gjeng føre seg på vegen…

I ei frisk verd ville ein rista på hovudet og kalla slik praksis for galskap. Men med “vekst” og”olje” stempla i panna, er det nok ikkje let å vera sjølvkritisk til dette.

Michael Pollan snakkar litt om matproduksjon i verda, og kvar mesteparten av han kjem frå:

Naturleg matproduksjon

På langfredag fekk eg ei ny bok i posten. “The One-straw revolution” av japanaren Masanobu Fukuoka. Ho greip meg på ein måte ein berre kan håpe at ei bok skal røre ein. Takk og lov for at det var påskeferie, for det vart ikkje gjort mykje anna enn å lese denne.

Masanobu Fukuoka, Joel Salatin og Sepp Holzer og deira tankar, teoriar og praksiserfaring er noko ein burde høyrt meir om i media.

Diverre er folk lette å leia, og elefantar på Mars og ofring av Ferrariar for å redda pinnsvin er diverre ting som middelmådige journalistar maktar å presentere til folket som viktige nyhender.

Inspirert av nettopp Fukuoka, har Mihail Kossev laga denne videoen (i to delar) basert på nettopp “The One-straw revolution“;