Tagged in: reklame

Bønder i by’n

Det er ikkje mykje reklame ein fer med seg utan fjernsyn i hus, men ein har eg fått med meg; Felleskjøpet sin “Bønder i by’n”.

Det er noko med han som skurrar.

Opninga er flott og fin, med stemningsskapande musikk a’la temamusikken til “The Rock”. Sjølv skriv dei;

“reklamefilm for Felleskjøpet Agri. Mange John Deere traktorer med i filmen. Målet med filmen er å gjøre Felleskjøpet og vår fagkunnskap kjent i forbrukermarkedet, samtidig som vi skaper stolthet hos våre medlemmer og ansatte.” – Youtube, 30.05.2012

Som landbruksorganisasjon, eigd av 43.000 bønder som nyttar livet sitt til å laga mat til oss som ikkje gjer det, veit eg ikkje kor stolt eg hadde vorte av ein slik film. I filmen vert nemleg følgjande produkt framheva:

  • traktorar
  • fiskars kuttesaks
  • støvlar
  • motorsager
  • plenklyppar
  • hekktrimmar
  • kunstgjødsel
  • hundemat
Med hederleg unntak av hundematen (vonar eg?) er alle produkta over oljeprodukt. So much for Felleskjøpet Agri sin “grøne” profil. Det kunne like gjerne vore ein reklame sponsa av Statoil. Dei har jo sitt å stri med når det gjeld tvilsomme reklamar i frå før.

Felleskjøpet Agri, eit rotnorsk “grønt” selskap, eigd av 43.000 av dei 45.499 gardsbruka som fanst her i landet i 2011, er altså tufta på det det same som størsteparten av resten av det norske samfunnet så slumrande kviler seg på no til dags: olje.

Det må vera det som er å vera bondefanga.

Pengar på e-post

Eg har tidlegare vore temmeleg irritert på banken min, SR-Bank. Å få tilbod i posten ein ikkje har bede om passar seg ikkje for ein som ynskjer å framstå som profesjonell.

No er dei i gang igjen. Denne gongen på e-post. I dag tidleg mottok eg ein e-post frå SR-Bank. I denne kunne dei stolt tilby meg, som ein av deira “gode kunder”, 20.000,- ekstra med deira SR-Bank Gold.

Noko meir fascinerande skal ein leita lenge etter. Her har eg i alle år vore flink og spara, har aldri hatt eit levesett som skulle tilsei at eg skulle måtte trenge 20.000,- ekstra, og…har alltid hatt pengar på konto. Likevel innbiller altså SR-Bank seg at eg treng dette søppelet dei sprer om seg med!

Når SR-Bank sender meg spampost på denne måten, er dei med på grave si eiga grav. Eg har ikkje bede om slike tilbod, men har tvert om skrive meg inn i Brønnøysundregisteret si ordning for resrvasjon mot reklame.

Hadde SR-Bank halde seg for god for slike stunt, ville ikkje lurendreiarar hatt det så lett. For støtt og stadig kan no media melde om svindlarar som gjev seg ut for å vera SR-Bank. Så for dykkar eigen del SR-Bank: dropp søppelposten! Både den analoge og digitale.

For tort og svie tek eg gjerne i mot betre rente på sparepengane mine.

Årets beste tilbod…eller?

Akkurat i tide til å kome med i kåringa “årets beste tilbod”, dumpa det ned eit brev i frå SpareBank 1 SR-Bank. Denne gongen med eit fantastisk påminning om deira tilbod til meg om kredittkortet SpareBank 1 Gold. Det originale tilbodet har på merkeleg vis aldri dukka opp.

Med dette magiske kortet flesker altså børsjomfrua SpareBank 1 til med følgjande tilbod til meg:

  • Lik pinkode som på kortet eg allereie har
  • Reise og avbestillingsforsikring (med tilhøyrande liten skrift)
  • Oversikt i nettbank
  • Trygg betaling

Men så tenkjer eg diverre litt på dette:

  • Kor sikkert er det å ha same pinkode overalt?
  • Kor enkelt er det eigentleg om eg kjem med forsikringskrav etter ei reise?
  • Eg har allereie oversikt i nettbanken…denne er eg ikkje nøgd med. Kva med å kutte kaffen (Java)
  • Får eg ikkje eit tilbod  om trygg betaling frå SpareBank1 SR-Bank allereie, sidan dei må nytta eit anna kort for å gje meg dette tilbodet?
  • Kvifor dukkar det opp slike reklamestunt frå banken min? Eg har jo ikkje bede om det!

Nei, Alice-Katharina Nielsen og resten av SpareBank 1 SR-Bank…dette er ein praksis eg ikkje likar. Det er slik praksis som skapar gjeldsslavar. Unge gjeldsslavar. At banksjef Nielsen(?) kan stå inne for ein slik praksis finn eg skremande. Hadde det ikkje vore for bankens siste stunt der dei hoppar på børsjaget, kunne eg mest fortsatt å tru at SR-Bank er den same, gamle trygge banken min. Den banken som gav meg ei søt panda-sparebøsse å spare på ei gong midt på 80-talet…før jappetida.

Men i staden trur eg at eg har fått eit nyttårsforsett for 2012. Litt forsinka, men legg eg til litt Wordefeud-nedtelling, så har eg pr. 19.55 den 2. januar 2012 fortsatt god tid på meg. Så her kjem det. Mitt nyttårsforsett for 2012 er – finne ein betre bank enn SpareBank 1 SR-Bank!

Medmindre då…ikkje at eg er kravstor eller noko.  Barclays Bank Delaware har jo dette som heiter Black Card. Eg trur livet mitt ville ha vorte betre med dette. Mykje på grunn av tilgongen til ei smekker dame i eit ekstra hudlag i skinn, med heilt grei kåk, ok motorsykkel, helikopter og ein brukbar pram å ta meg rundt i til sjøs:

Så takk, Sparebank 1 og Alice-Katharina Nielsen, men nei takk!

Slagordskommuna Sirdal

For ei god stund sidan fekk Sirdal kommune den store æra av å verte kåra til den kommunen i landet med det beste slagordet.

[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2009/07/slagord.mp3]
Norgeslasset 04.06.09

I hard kamp med klasseslagord som Sande kommunes “Utanfor allfarveg – heldigvis” og Frolands “2+2=5” er eg glad for at Sirdal klarte å trekkja det lengste strået…eller skal ein seie fjøra?

Yngve Carlsson er forsker ved Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR). Han sier til foreningens nettsted at det ikke hjelper med gode slagord om ikke kommunen følger opp med handling:

– Du kan ikke reklamere deg ut av et dårlig rykte. Du må gjøre noe med forholdene, sier Carlsson.

Kanskje var nettopp dette grunnen til at det gode gamle “Sirdal – ein god stad å bu” forsvann? Med ny rundkjøring 550 m.o.h, midt i snøen, som einaste rundkjøring i kommunen, ville jo dette slagordets folkemunneversjon vore litt for treffande: “Sirdal – ein god stad å snu.

Yade, Yada…Yada yada djing, djing djing

…”ting som gjør deg glad kan ikke skade. Det er derfor vi har laget Yade. Yade er for folk som liker sjokolade.”

Dette er ei lekse me kan høyra på eit ymse utvalg av kanalar på den pasiviserande boksen som finst i dei fleste heimar rundt om i landet. (Med unntak av på studentheimar i visse periodar.) Ho lovar deg altså at dersom du kjøper Yade, vil du verta glad.

La oss sjå på kva som ligg i ordet glad. Universitetet i Oslo si bokmålsordbok har denne definisjonen;

glad a2 (norr glaðr ‘skinnende blank, lys; vennlig, glad’)
1 fylt av glede, munter, tilfreds, lykkelig være g- og fornøyd / være g- for noe / gjøre en g- / bli g- for / være g- til tilfreds med at det ikke gikk enda verre / g-e barnestemmer / ikke få en g- dag mer / det g-e budskap evangeliet
2 sorgløs, opptatt med fest og moro han er en g- laks / leve herrens g-e dager / det er det g-e vanvidd fullstendig ufornuftig

Det er jo slettes ikkje dårlig effekt å få av eit lite stykke sjokolade. Men sjokolade har jo biverknadar i form at potensielt auka vekt, men og hol i tennene. Eg tenkte difor at det måtte vera noko der ute som måtte vera betre enn Yade. Dette er effektane Google gav meg;

* Høy selvtillit
* Oppstemthet
* Energikick
* Følelse av harmoni og kjærlighet til omgivelsene

Slettes ikkje så ulikt Yade altså. Kva er så dette vidundermiddelet som ein vel også burde sett reklamar på om ting hadde vore berre bittelitt annleis? Sjå svaret